torsdag 15. november 2012

Populært forfattarbesøk i Seljord.



I denne veka har nokre heldige elevar på skulane i Åmotsdal, Flatdal og Seljord hatt besøk av ein ekte forfattar som i tillegg er ekte etterforskar.
Og Jørn Lier Horst vart møtt av engasjerte og interesserte elevar. Han fortalde om korleis ting han opplever i jobben som politimann gjev inspirasjon til stadig nye bøker. Nå skriv han ein serie for barn som skal bli på 12 bøker. Tredje bok i serien CLUE kjem ut i januar, men alt nå fekk ungane i Seljord fekk eit lite hint om korleis den startar.

I tillegg til spenningsserien har Horst også skrive ei faktabok for barn og ungdom om kriminalteknikk. Som eksempel frå denne boka fekk vi høyre om  korleis politiet jobbar med fingeravtrykk, biologiske spor og til og med om å tyde kodeskrift.

Til slutt var det svært mange ivrige fans som skulle ha autograf!



Britt Haugland
Seljord bibliotek
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar