torsdag 1. november 2012

Skulebiblioteket ved Vinje Oppvekstsenter


NYTT LIV I BIBLIOTEKET VED VINJE OPPVEKSTSENTER

Det starta med ein skulebibliotekkonferanse for 2-3 år sidan og har enda med bortimot 100% auka utlån på biblioteket!

Vinje oppvekstsenter hadde ein jobb å gjera då biblioteket som var ein filial av Vinje folkebibliotek, blei nedlagt for nokre år sidan.  Dei ynskte å gjera det om til eit reint skulebibliotek og då arbeidet med å rydde og kassere var godt i gang, starta idéen med å søke midlar.  Universitetet i Agder sitt program for skulebibliotekutvikling utløyste den nette sum av 155.000 kr!

Dei pussa opp med relativt enkle midlar: Måla,  skaffa nye møblar og arbeidsplassar, laga ein lyttekrok, fornya samlinga, samt fekk på plass eit smartboard.  Forvandlinga var total og det nye biblioteket opna 30. mars 2011 med fest der både foreldre og barnehage deltok.

Dei som jobbar der opplever at haldninga til bibliotek og bøker  i stor grad har endra seg.  Utsegn som ” Åh, så kule bøker!  Da kunne det jo tenkes at til og med jeg ville begynne å lese da!”, eller ”Eg visste ikkje at det gjekk an å lesa om motorsyklar på biblioteket!”  og ”Eg syns den var kul og vil lese den ijen” Varmer både ein lærar og ein bibliotekar sitt hjarte. 

Nokre stikkord om kva dei har jobba med:
  • ·         Utstillingar av elevarbeid
  • ·         Bokmeldingar
  • ·         Bokkafé
  • ·         Samordning av bibliotekplan og leseopplæringsplan
  • ·         Heimeside med eiga bibliotekside: Skulebiblioteket ved Vinje Oppvekstsenter
  • ·         Betre merking av bøker
  • ·         Digitalt bibliotek


Du kan lese meir om prosjektet her: Universitetet i Agder


Biblioteket før:


Biblioteket etter:

Til alle skular og skulebibliotekarar rundtomkring  i Kongeriket: det er mogeleg sjølv for eit lite skulebibliotek.
Gratulere rektor, lærarar, elevar og bibliotekar med innsats og resultat!


Bjørg Irene Abrahamsen, Vinje folkebibliotek




2 kommentarer:

  1. for ein forandring.. så kjempe koslig ut der nå :) flott jobba :)

    SvarSlett