lørdag 24. november 2012

Møt Vest-Telemarkbiblioteka på jolemarknaden i Seljord






Lån jolebøker av Vest-Telemarkbiblioteka.
Opplev Telemarks største jolemarknad på Dyrskuplassen i Seljord.

 

I år er det tiande gongen marknaden vert arrangert og har blitt kjent både i og utanfor Telemarks grenser. Dei siste åra har 100 utstillarar og 3000 gjester deltatt.






 Husflid og handverk - Tradisjonsmat -  Kultur - Dyr



Bibliotekstand med ”Eventyrleg leikekrok” for borna .

Kom i jolestemning på Jolemarknaden!



Jolemarknaden på Dyrskuplassen i Seljord er ei særprega, stemningsfull førjolsoppleving for heile familien, med handel av småskalaprodukt innan mat- og handverkstradisjonar, aktivitetar og demonstrasjonar.  


"Jolebibliotek"

På bibliotekstanden til Vest-Telemarkbiblioteka finn du i år bibliotekarar frå Seljord, Kviteseid og Vinje.

Du kan få lånekort og låne jolebøker, jolefilm- og musikk. Det blir og høve til aktivitetar og delta i konkurransar med bokpremiar.










 Velkommen!
Helsing Vest-Telemarkbiblioteka

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar