fredag 26. oktober 2012

Slektsforskardagen 27. oktober 2012



SLEKTFORSKARDAGEN


Kvart år – eit nytt tema.


Mange har fått fornya interesse for slekt og familierøter. I Kviteseid er vi så heldige at vi har ættesoga på nett. Geir Håkon Eikland har hjelpt oss med å utvikle ei avansert base med gode mogelegheitar for søk og rapportar. 

Folk veit å sette pris på dette. Sidan nettstaden blei relansert  i 2010 er det lagt til 9.480 nye personar... (+40%). Det er fantastisk! 




Statistikk fortel om livet



Det er lagt inn ei mengde foto av personar i basen , og statistikken viser at det er påført kjelder på svært mange.

Ein kan ta ut statistikk som gjev ein eit bilete av korleis livet til våre forfedre var.

  • Under er eksempler på levetid. Leiv Torsson Vraa blei t.d. 109 år.
  • Gunnar Tarjesson Lønnegrav og Signe Jonsdotter Fjone fekk 58 barnebarn:








Tema i år er er brev, postkort og postvesen.



I Kviteseid kommune er det fleire postkontor som er lagt ned sidan eg kom hit til Telemark. Eg minnes at eg sikra meg sistedagsstempel både frå Kilen, Morgedal og Brunkeberg. I dag står det: Posten Norge, og du veit ikkje kvar breva er posta. 

Tida går og endringane kjem så raskt at ein mest ikkje merker det. Ein trur ein hugsar og veit, men gjer det ikkje.

Du kan vere med å vidareføre Ættesoga på nett, slik at dei som kjem etter deg kan ha glede av det.





Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar