lørdag 6. oktober 2012

PANNEKAKEDAGAR I KVITESEID OG SELJORD



Eventyrveke

 Veke 43 vil vere eventyrveke på biblioteka i Kviteseid og Seljord. 




Det blir plakat- og bokutstilling og dei som vil kan bruke spel, puslespel, fargeleggingsark og andre ting med tema knytt til eventyr.

Og så blir det pannekakedagar både i Kviteseid og Seljord, og sentralt da er sjølvsagt:



Reidun Øverland tek med seg gitaren og eventyrboka si.  Ho kjem til Kviteseid torsdag 25. oktober kl.12.00 og til Seljord laurdag 27. oktober kl. 12.00. Då er pannekakejernet på biblioteket i full sving!

Alle barn som vil høyre eventyr og smake verdas beste pannekaker er velkomne til biblioteka desse dagane.

Håpar vi får det moro, både desse dagane og seinare, med Asbjørnsen sine eventyr.

Helsing Anne Brit i Kviteseid og Britt i Seljord


Høne Pøne, Hane Pane, Ande Pande, Gylte Grisesylte; men kven i alle dagar er den siste?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar