onsdag 17. oktober 2012

Fram for Mathilde!




Biblioteka i Noreg får mange norske og nokre omsette bøker gjennom kulturfondet.
Heilt gratis, i ask etter ask.

Men, ikkje alle norske bøker kjem til biblioteka gjennom fondet.
Heilt tilfeldig oppdaga eg nokre flotte biletbøker, som eg altså ikkje hadde funne i desse brune pappaskene.

Det var bøkene om Mathilde.
Og for nokre bøker!

Eg blei heilt yr og glad av å lese desse bøkene.

Dei er skrivne av Einar Andreas Lund og illustrerte av Erik Ødegaard .
Kven gjer den beste jobben?
Uhuu  - dei får terningkast 12 av meg båe to, og saman er dei dynamitt!

Den første boka eg las var Mathilde kjører bil.
Mamma og Mathilde skal på tur. Mamma køyrer, og Mathilde kjedar seg mest skvett i hel.
Akkurat dét går over når Mathilde får lov til å køyre.
Fort og gale går det, bums i bakken og høgt opp i lufta.
Boka er morosam og spanande.
Eg har testa den på fire lesegrupper i alderen 4- 6 år. Dei lo seg mest forderva,
men var heilt samde i at ungar eigentleg ikkje skal køyre bil. Eigentleg ....

Neste bok eg las for ungane, var Mathilde og busene.
Mathilde plukkar busar ut av nasen. Digre grøne busar som forvandlar seg til dei verste dyr.
Ungane lo så dei skreik, men nokre av dei vaksne som kom i lag med ungane,
mista visst matlysta for ei stund. Dei om det, sier eg. Boka er flott!
Min favoritt blant busane er griseflodhesten. Den er om mogleg, hm, kanskje full av nasehår.
I denne boka får Erik Ødegaard verkeleg utfalde seg som illustratør.


Den tredje boka om Mathilde - Mathilde og pappa - har eg ikkje lese for bibliotekgruppene endå.
Denne boka skil seg frå dei to fyrste.
Her funderer Mathilde på kor pappaen hennar er.
Han reiste då ho var lita, og Mathilde lurar på kvifor han aldri kjem på besøk.
Kanskje er han astronaut eller julenisse, men mama seier han er i et land der ingen døyr og barna aldri blir vaksne.
Mathilde veit ikkje kor det kan vere, men ho har pakka ein koffert. Den skal liggje under senga til ho blir 10 år.
Då er ho stor nok til å reise for å finne han.
Dette er varm bok om kjærleik og saknad. Ei viktig bok som fortener å bli lest og å bli fylgt opp av gode samtaler.

Alle ungane i alderen 3 - 5 år kjem til lesestund på biblioteket i Fyresdal ein gong i veka på denne tida av året.
Eg vel dei fleste bøkene vi les, men ungane får også vele ei bok eller to.
Eg er heilt viss på at Mathilde-bøkene kjem til å stå på "fritt-val"-lista gong etter gong.

Ungane i Fyresdal og eg takkar Einar Andreas og Erik for dei herlege bøkene!


Liv B. Kiland - Fyresdal

 . psssst - bøkene er gjevne ut på Vendetta forlag i 2011. Dei er i sal, kjøp, spør på biblioteket, sjekk iTunes og facebook

1 kommentar:

  1. Takk for tips! De kommer garantert til å bli lånt på biblioteket:-)

    SvarSlett