fredag 5. oktober 2012

EVENTYRLEG I KVITESEID OG SELJORD








 

 Eventyrkongen


I år feirar vi at det er 200 år sidan Peter Christen Asbjørnsen (1813-1882) blei fødd. Han er kjend gjennom samarbeidet med ungdomsvennen Jørgen Moe. Han blei den eine grunnpillaren i forfattarparet Asbjørnsen og Moe, som er blitt eit synonym for dei norske folkeeventyra. For ettertida er Asbjørnsen blitt ståande som sjølve eventyrkongen.



 

Den eventylege Olav Sem.





Den kjende Heddølen, kulturbæraren, pådrivaren, dansaren, kvedaren og eventyrforteljaren, Olav Sem, kjem til Kviteseid og Seljord i veke 43.

Då han fekk kulturprisen i Notodden hausten 2011 skreiv dei om han: ”Årets kulturprisvinner er en sann kulturformidler både nasjonalt og internasjonalt enten det er som: - komframseiar, sanger, danser, historieforteller eller formidler av eventyr og folkeviser - en engasjert og medrivende formidler av den lokale kulturskatten”.
Ungane i skular og barnehagar i Åmotsdal, Flatdal, Seljord, Brunkeberg, Kviteseid og Vrådal kan gle seg til besøket.

Det blir ca 30 min. folkeeventyrforteljing (Asbjørnsen og Moe-eventyr) for 5-åringane + 1. og 2. klasse.


Når det gjeld innhaldet  i forteljarstunda så blir det fleire korte eventyr; det er mykje å velje på, men nokre av desse trur vi det blir : "Då reven var gjetar".  "Oskefisen som kappåt med trollet". "Smørball", som er Smørbukk. "Smågutane som traff trolla på Heddal-skogen", eller kanskje noko anna?


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar