onsdag 26. september 2012

SINDRE OG KRÅKA


  

Nok ein barnebokdebutant frå Kviteseid.

 

Denne gongen er det Erlend E. Mo.


Mo er filmregissør og busett på Tytegrav i Sandlandsgrendi. Rett nok er han i ”eksil” i København eit år, der hans neste film, At blive set, er under arbeid.
Erlend har fått fleire internasjonale prisar for dokumentarfilmar m.a. Velkommen til Danmark og Kan man dø i himlen?. Dokumentarfilmen Indenfor mine øjne vann Silver Club Award på IDFA Amsterdam i 2006 og Cinematic Vision Award på Silverdoc i USA. To gonger har Erlend fått prisar for beste lyddesign på CPH:DOX (Kan man dø i himlen, 2005, og Inden for mine øyne, 2006). Han hadde både manus og regi for filmen Paradis i samarbeid med Sami Saif og Jens Loftager.



Hans til no siste dokumentar var Historien om Tore sandberg og Fritz Moen.

Vakker og ærleg biletbok om barn og sorg.

Boka Sindre og Kråka har ikkje nådd bibliotekhylla enno, men forlaget melder at det er ei vakker og ærleg bok om barn og sorg. Ho er skrive på bokmål.

”Sindre er den gladeste gutten i hele verden - med et smil som stråler mer enn selveste sola. Men så skjer det grusomme. Pappa dør. Og Sindre slutter å smile. Heldigvis finnes det en som kan hjelpe ham”.
Boka er vakkert illustrert av Akin Düzakin og gjeve ut på Achehoug forlag, 2012.
ISBN: 9788203254987








Anne Brit Borgen
Biblioteksjef i Kviteseid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar