torsdag 20. september 2012

God og lettlesen roman for den som ynskjer "ei god bok"!




Boka Brooklyn av Colm Tóibín er utgitt av Tiden forlag i 2010.

Forfattaren er prisbelønt og oversetter er av kjent og god kvalitet: Bodil Engen.

Romanen startar i Irland på 1950-talet, der mange slit for å få arbeid, og særleg ille er det dersom familieforsyrjaren fell frå, slik det er i familen der Eilis Lacey veks opp. Dei er fire born da mor vart enkje, og ungane må raskt ut i arbeidslivet for å syrgje for seg sjølv og mor si. Ei løysing for Eilis vert den lange ferda over havet til New York og Brooklyn, der den lokale prest ordnar arbeid og innkvartering saman med andre unge jenter i same situasjon. Eilis, som reiste fordi andre tilrettela dette for ho, lengtar tilbake til heimstaden, mor og syster og brør i Irland. Men presten ordnar så ho får gå på kveldsundervisning med tanke på å bli bokhaldar, og dette likar ho og held ho oppe når jobben i den fine forretninga med dameklede vert for kjedeleg. Så treff ho ein inntagande italiensk gut som har framtidsplanar og ynskjer å gifte seg med henne. Ho vert overvelda av planane hans og involvert i familien, og da ho får tragiske nyhende frå Irland og må reise heim, let ho seg overtale til å gifte seg i all hemmelegheit med italieneren.
Heime i Irland er det mykje som har skjedd og skjer, familie og vener ventar at ho nå blir i gamlelandet, og Eilis maktar ikkje fortelje sanninga - at ho er gift i Brooklyn.
Boka er absolutt ei bok du kan anbefale til ein lånar som er ute etter "ei god bok". Ho er lettlesen, har eit driv i forteljinga, du blir heile tida nysgjerrig på korleis det går med denne jenta. Den gir eit godt bilete av korleis det må ha vore for unge jenter som kjem åleine og bur hos ei vertinne som "passar på dei" - kva som er akseptabelt og ikkje i deira tilvære. 
Eilis kjem ut i eit stort dilemma. Tidlegare har andre styrt livet hennar  - bede ho reise langt av stad for å ta seg arbeid - bede ho kome heim og bli der når det passar dei. Men livet gjev ho styrke - og ho vert til slutt sterk nok til å ta ei stor avgjersle.

Lagt inn av Bodil i Tokke bibliotek.























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar