fredag 24. august 2012

Lyrikk ved lunsjtid


Nå planlegg vi hausten på biblioteket i Seljord, og Lyrikk ved lunsjtid er eit av arrangementa vi kan by på.
25. september kjem Gunnhild Heggtveit (busett på Gvarv, men med røter i Åsgrend) for å lese dikt av kjente norske lyrikarar, m.a. Olav Aukrust, Hans Børli, Halvor J. Sandsdalen og Helge Torvund.

3. oktober blir det foredrag om Den første lufterd over Norge ved Nils Johan Rønniksen, og i tillegg planlegg vi ei eventyrleg veke på biblioteket i samband med markeringa av P.Chr. Asbjørnsen-jubileet. Nokre arrangement steller vi til aleine og nokre samarbeider vi med andre om, men felles er at vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til å delta! Og vi kjem heilt sikkert tilbake med nærare detraljar!

Britt i Seljord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar