torsdag 9. august 2012

LÅN OG LES!




Solfuglen av Christie Watson



Sol, sjø, sommar, svaberg, sandstrand og ei aldeles vidunderleg bok, kan livet bli betre?  Eg lurar på om det var feriemodusen eller boka som ga meg ei slik nydeleg lesaroppleving i sommar, truleg begge delar. 

Solfuglen av Christie Watson er ei nydeleg bok som gjekk rett inn i sjel og kropp – og blei der lenge etter at eg var ferdig med den. ”En vakker oppvekstroman som viser oss afrikanske liv vi ellers ikke hører om” står det på fronten av boka, så sant så sant.

Tolv år gamle Blessing lever trygt og skjerma med bror Ezikiel og foreldra sine.  Dei har straum, kjøleskåp, innlagt vatn, aircondition, nok av mat og klede og går på privatskule.  Verda rasar saman for Blessing, Ezikiel og mor då faren reiser med ei anna kvinne.  Dei må ut av leligheita og har ingen andre val enn å reise til besteforeldra i ein liten landsby ved Nigerdeltaet.  Frå luksus til slum, frå kristen oppvekst til Muslimsk kvardag.  Det blir eit hardt liv for alle, med manko på alt, men spesielt ille blir det for Ezikiel.

Det viser seg at Blessing er ei sterk jente og ho blir svært knytt til bestemor som jobbar som sjølvlært jordmor.  Blessing blir kjent med ei verd som både fråstøter og fascinerer henne, ho blir kjend med dei ulike omskjeringane, og sug til seg kunnsapen som bestemor lærer henne.  Som 13-åring tar ho imot barn på eiga hand og veks på det: ”Jeg tok imot gavene og gikk litt rakere i ryggen.  Det var nesten som om hendene mine hadde vokst noen tommer i løpet av de siste timene…”

Det er sæleg kvinnene i denne boka som gir inntrykk på meg, spesielt den sterke og kloke bestemora; den som held familien samla.  Ho er ein god historieforteljar og kvar kveld samlar heile stor-familien seg rundt henne for å høyre ei ny forteljing. Ho har også mange kloke ord til trøyst, spesielt for Blessing.  ”Noen ganger faller ting fra hverdandre, så vi kan sette dem sammen igjen på en ny måte”, eller ”En maurtue hvis skjebne er å bli en stor maurtue, blir stor uavhenigig av hvor mange ganger den blir ødelagt av elefanter.”'

Utan å røpe for mykje, tillet eg meg å fortelje at familien på eit tidspunkt nesten er i oppløysing bl.a. pga ei kidnapping.  Kva gjer ein under tilhøve der våpen florerar og frustrasjonen eskalerar, og politiet er til ingen hjelp?  Jau, ein kler seg naken!  Det samlar seg hundrevis av kvinner i ein demonstrasjon og krev rettferd:
”Det finnes ikke noe sterkere enn en naken kvinne”, sa bestemor…Sikkerhetsvaktene snudde ryggen til oss en etter en.  Skuldrene deres ristet.  Det var den kraftigste protesten som fantes.  Mennene kom aldri til å glemmet det.  Dozie bøyde seg først.  Han plasserte geværet på bakken.  Så reiste han seg langsomt.  De andre fulgte på.  Ett etter ett ble geværene plassert på bakken.  Mennen gikk på rekke, med hodet hengende ned foran skulderbladene.

Dette er ei bok om liv med mykje utfordringar, men også om glede og humor.  Eg lo så tårene trilla, spesielt av den svært unge andre-kona til bestefaren, Celestine.  Når ho kjem til familien er ho ung og naiv, svært overvektig, klossete og ikkje den aller skarpaste kniven i skuffen.

Etter mi meining er denne boka ei nydeleg skildring av motgang, medgang, håp og kjærleik. 

Minner om at vi har bytta bibliotekprogram i vår.  Test dei nye søkemoglegheitane på Vest-Telemarkbiblioteka si nettside:






Bjørg Irene Abrahamsen
Vinje folkebibliotek










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar