mandag 9. juli 2012

Nær døden

Sist veke åt eg bønner i tomatsaus.
Ikkje gjer det. I alle fall ikkje når tannlegen har ferie.
For. Midt i tomatbønnene var det ein klump. Som rett nok ikkje hadde noko med bønnene å gjere.
Det var halvparten av ei av mine kjære tenner som var på lausdrift.

Kan ein kjenne seg nær døden om ein mistar ei halv tann og tannlege er verre å finne enn den berømte nåla?

Nei! Det får vere måte på sutring. Det ordnar seg jo. Tennar og slikt.

Midt opp i tanna hadde eg teke med meg tre bøker heim. Mest på slump.

Det var:
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold (2009)
Blå kvelder av Joan Didion (2012)
Gjesterommet av Helen Garner (2012)

Eg las dei så fort som bare ein trena storlesar kan.
Fordi dei var sunne korrektiv til tannklynkinga, men aller mest fordi dei er gode, velskrevne og herlege bøker om menneske, alderdom, sjukdom og død. Skrivne på eit vis som grip og underhalder, beveger og påverkar deg,

"Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg " er ei munter, trist, muntertrist bok om den einsame Mathea. Ho lev i stor isolasjon, og veit at dagane i resten av livet er få og korte.
Lesaren fylgjer Mathea i kvardagen og vi får vere med Mathea i herleg gripande minneglimt.
Her er kjærleiksforteljing og såre minne om mobbing.
Mathea er usynleg inntil det bisarre og engsteleg inntil det vonde.
Ho må ikkje gå så fort at ho ikkje får sett spor etter seg!

Kjersti Annesdatter Skomsvold fekk Tarjei Vesaas debutantpris i 2009 for boka.
Det var ei vel fortent tildeling.
I tillegg til at Mathea grip deg rundt hjarterota, er språket og setningane artige og friske. God bok!




Den neste eg las var Blå kvelder av Joan Didion.
Eg har lese ei bok av Joan Didion tidlegare - De magiske tankers år (2007) .
I denne boka skriv ho om tapet av ektemannen som døydde brått.
Ei sterk bok.
I Blå kvelder skriv ho om å miste dottera.

"Du har de vidunderlige minnene, sa folk senere, som om minner var noen lindring. Minner er ikke det. Minner gjelder per definisjon ting i fortiden, ting som er borte.
Det finnes ingen lindring for et barn som har gått bort. Å miste et barn er å miste seg selv."

Joan Didion hadde bare denne dottera, og ho fortel følsomt med ein språkleg eleganse og vidd om sorga og tapet og om å vere mor. Ho fortel om det gode dei gjorde saman, og ho fortel om alle feila og alt ho kunne gjort annleis.
Livet hennar og tilliten til livet går i biter etter at dottera døyr. Ho blir sjuk, ho mistar trua på ei eiga fysiske styrke. Ho kjempar mot kropp og helsevesen, og ho slit med den steke kjensla av å bli borte.
Joan Didion er kjent både som forfattar og som ein framståande journalist i USA. Kvifor er det ingen tvil om etter å ha lese bøkene hennar.



Den siste boka eg las var ei bok frå Australia -  Gjesterommet av Helen Garner.
Her møter du dei to godt vaksne venninnene Hel og Nicola.
Nicola, den vakre, elegante, bohemaktige overklassejenta er over 60 og hardt kreftramma. Ho har ikkje eigne born, ektemannen er forsvunne ut ei sidedør og Nicola kjem til Hel for å få omsorg og for å gjennomgå ei C-vitaminkur mot kreft på ein alternativ behandlingsklinikk.
Hel set livet og arbeidet på vent for å vere der for Nicola.
Dei ler og grin, dei kranglar og fnys. Dei drikk seg fulle og blir unge igjen, dei er kloke vaksne saman.
Hel trur ikkje på den alternative behandlinga og Nicola våger ikkje gje slipp eller opne seg heilt for Hel.
To skarpe og sterke kvinner brakar saman.
Denne boka er lettelesen med lun humor, men ikkje overflatisk, den er  klok og verdig.
Helen Garner rettar søkjeljoset kritisk mot alternativ behandling og skriv fint om fylgje eit menneske den siste vegen mot døden.

Tre fysisk sett tynne  bøker, ingen er på meir enn 179 sider, og alle handlar om alderdom og død.
Kven skulle tru at slikt kunne vere god lesing nokre regntunge sommardagar med ei halv tann.

Rett nok var  kanskje lesinga meir til humring og ettertanke enn til tankelaus underhalding, men det er ikkje dårleg ein sommarkveld det heller.

Prøv!
Og låner du dei på biblioteket, er det same prisen anten du likar dei eller ikkje.
Heilt gratis.

God sommar og venleg helsing frå Liv i Fyresdal :-)

3 kommentarer:

  1. Flott Liv - jeg fikk lyst til å lese alle bøkene!

    SvarSlett
  2. Gode lesetips frå Liv m.fl. på bloggen Vest-Telemarkbiblioteka.blogspot.no

    SvarSlett
  3. Nå har jeg lånt bok nr 1, og reservert de to andre :-)
    Gleder meg til å ta fatt på dem.
    ...og så har jeg selvsagt tipset biblioteket om bloggen deres :-)
    Klem fra LIV

    SvarSlett