torsdag 21. juni 2012

Ei bok for lange timar - Haren med øyne av rav

Eg har nett lese ei bok som tok litt tid.
Den tok mest meir tid enn eg hadde tenkt, og tæra sikkeleg på tolmodet mitt.
Boka har selt i bytter og spann i mange land og har vunne pris etter pris.
Det hjalp ikkje meg. Eg strevde og las, mest fordi mor mi på 80 hadde lese boka og var djupt imponert. Den boka måtte eg òg lese!

La meg seie det med ein gong.
Om du driv med slikt som meg på denne tida, målar kjøkkenet,
er ikkje boka"Haren med øyne av rav" det rette valet.




Denne boka, som er forfatta av den engelske kermikaren  Edmund de Waal og gjeve ut på norsk i 2011, krev merksemd og tid.
"Haren med øyne av rav" er ei historiebok, ei kulturhistoriebok, ei kunsthistoriebok og ein biografi.

Edmund de Waal arva ei utsøkt samling japanske figurar, netsuker, og samlinga gjorde han nyfiken.
Korleis kom samlinga inn i familien?
Kven hadde kunnskap og pengar til å kjøpe figurane og korleis har samlinga overlevd det tragiske endeliktet til den jødiske familien Ephrussi ?
Lesaren fylgjer Edmund i jakta på svaret.
Ferda skal gå til Japan, Frankrike, Austerriket,
og til Odessa i Russland.
Det er i Odessa det heile startar. Familien kjøper og sel korn, og byggjer dyktig opp ei formue.
Etterkvart byrjar dei med bankverksemd og etablerer seg i Wien og Paris.
Dei eldste sonene tar over forretningeveksemda og dei yngre får større spelerom til å fylgje sine lyster.
Some blir gode på kunst og some blir kjende i teater- og fornøyelseslivet.
Bankene og forretningane går godt. Familien Ephrussi blir ein av dei rikaste familiane i Europa.
Heile vegen kjempar dei mot jødehat og motstand. Heilt til det ikkje nyttar lenger.

Edmund de Waal flettar inn detaljar rundt liva deira, kunsten om omgjev dei, nøyaktige skildringar av dei enorme familiehusa,den økonomiske utviklinga og jødane si stilling i Europa.
Her er det mange namn å halde styr på, og det er ein fordel å vere historisk interessert/orientert. Edmund de Waal delar av si store kunnskap. Det er bare å ta imot, la det synke inn.

Dette er ikkje ei skjønnlitterær bok, og forfattaren kryp ikkje under huda på personane. Om historia hadde vore dikta om på skjønnlitterært vis, kunne det blitt ei fengslande, stor forteljing.
Nå er boka ei grundig og gjennomarbeidd fagbok. Her en kunnskap i kvar setning, mål med kvart ord.

Eg innrømmer altså glatt at det ikkje var lurt å fundere  på om eg skulle vele silkematt eller halvblank måling til kjøkkendøra når eg las "Haren med øyne av rav".
Full konsentrasjon, takk!

Mange detaljar og krav om full konsentrasjon, men likevel eller kanskje derfor, då eg var ferdig med boka, var eg sikker på at eg hadde lese ei drivande god bok som både utfordra meg og ga meg mykje.

Set av mange timar og la Edmund de Wall både opplyse og engasjere deg!


Liv - Fyresdal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar