mandag 25. juni 2012

Bokloppemarknad i Seljord



Fredag 29. juni er det nattope i Seljord, og tradisjonen tru blir det da bokloppemarknad ved biblioteket. Vi håpar på sol (sjølv om det ser fuktig ut på langtidsvarselet) og fyller bord og hengar med kasserte bøker og blad. Frå omlag kl.16 til ca.kl. 22 kan du sikre deg godbitar for ein billig penge. Og om vi følgjer vanen frå tidlegare år blir det bare billigare og billigare utover kvelden.

Om ikkje bokloppene freistar kan du sjølvsagt bruke tida di på vanleg bibliotekbesøk, altså at du låner med deg det du vil av bøker, tidsskrift og filmar - gratis!
Og vi spanderer som vanleg kaffe og litt smågodt.

Britt i Seljord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar