torsdag 31. mai 2012


Om Titanic på ulike måtar – skipshistorie som stadig fengjer.


I år er det som kjent 100 år sidan Titanic gjekk ned. Det var värdens modernaste osänkbara skep, som Mikael Wiehe skriv i visa Titanic (andraklasspassagerarens sista sång), og sjølv om vi veit korleis det endar sluttar visst historia om Titanic aldri å fascinere.  I samband med 100årsmarkeringa blømer interessa som aldri før, og det kjem nye artiklar, nye bøker og nye TV-program. I vekeavisa Dag og tid (nr. 13/14-i år)har forfattaren Oddmund Hagen skrive ein interessant artikkel om emnet. Han skriv m.a om boka Futility av den amerikanske forfattaren Morgan Robertson. Boka kom ut i 1898, og i romanen skriv forfattaren om skipet Titan som legg ut på ei reise over Atlanteren, går på eit isfjell og forliser sjølv om skipet var sagt å ikkje kunne søkkje. Og ikkje bare det, det er fleire detaljar i romanen som stemmer forunderleg bra med kva som verkeleg skjedde med den ekte Titanic fleire år etter.

Og kva med at skipsorkesteret, etter som ryktet går, spela salmen Næmere deg, min Gud? Men var det verkeleg slik? Det får du vite om du les Walter Lord si bok Titanic : verdens største skipskatastrofe. Den kom fyrste gong ut på norsk i 1956, og den norske utgåva har eit tillegg av Jostein Nyhamar der han skriv om nordmenn om bord på Titanic. Boka er også filma i 1958 med same namn som originaltittelen på boka A night to remember.
Det finst altså mykje stoff om Titanic, i ulike former og i ulike medium. Av dette er også noko retta mot barn, t.d. Titanic : det store forliset av Philip Wilkinson som kom ut på Esstess-Forlaget i 2011. Boka er rikt illustrert og med ein luftig layout som gjer den enkel å lese for dei som ikkje orkar så store mengder tekst.
Og det meste finn du sjølvsagt på biblioteket!

Britt i Seljord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar