fredag 25. mai 2012

Familien Kråkestup og nyset i nabohuset


Kari Smeland på gamle tomter. Her vitjar ho Kviteseid folkebibliotek. 
Møt Kari Smeland frå Kviteseid som er ein av tre barnebokdebutantar på Samlaget denne våren. Ho er 27 år og  har ein bachelorgrad i historie- og samfunnvitskap. Ho bur i Oslo og  jobbar som for tida som skulebibliotekar.

Forfattaren lar oss bli kjend med ein stor og  frodig familie på ni personar; 3 tvillingpar, mor og far og onkel Sigurd. Han har levd lenge, og kan og veit mykje. Der dei bur har dei eit nabohus, men ingen naboar. Nabohuset er lite og falleferdig, og fråflytta for lenge sidan. Tittelen Familien Kråkestup og nyset i nabohuset tyder på at her kan skje både skumle og mystiske ting.
Pappa i familien er nemleg meir enn måteleg interessert i fuglar. Han er ven med dei, og let dei fly ut og inn av huset dei bur i. Kjenner ein noko til kråker så må ein førebu seg  på at ting kan skje. Skal ein tru mytologi og folketru så  er dei både glupe og utspekulerte.

Dei minste tvillingane, Stjerne og Lykke, er veldig nysgjerrige på å utforske skumle saker. Dei trur ikkje at nabohuset kan vere tomt. Dei synes dei høyrer lydar, og det hender uforklarlege ting. Ting tyder på at nokon har flytta inn!

Stjerne og Lykke er på veg bort til hekken der dei likar å snike.

Forlaget melder:
Kari Smeland har skapt eit eventyrleg univers, der ”Alt som kan skje når fiskesuppa koker over, skjer”, som det heiter i ei av dei fantasifulle kapitteloverskriftane. Utforskinga av nabohuset bind saman eit vell av absurde hendingar og boka er med sine frodige påfunn og formuleringar ein fryd å lese høgt”. Boka egner seg som høgtlesingsbok frå 5-6 år.  Godt skriftbilde og illustrasjonar gjer ho lett å lese også for barna sjølv frå 7-10 år. Boka er illustrert av Mona Brekke.

Boka er å finne både i bokhandelen og på bibliotekhyllene. Kari vil vitje Brunkeberg oppvekstsenter, Straumsnes oppvekstsenter og Kviteseid skule og fortelle om boka si.


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek


.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar