tirsdag 15. mai 2012


"Kom mai du skjønne milde,
     gjør skogen atter grønn……"



Når skogen blir grøn, fiolane blømer ved bekk og kilde, er det ei flott tid for alle som skal pynte festbord.
Og festbord kan det fort bli fleire av i mai. Mai er i det heile ei festleg tid.

Skulle du trenge litt inspirasjon, finst det mange bøker om borddekking, laging av kort og alt ein kan trenge til selskapet på biblioteket.

Det er også gjeve ut ei bok som set bordet og pynten i perspektiv.

I serien "Levende norske tradisjoner" har Eva Valebrokk skrive boka "Norske bordskikker – dekkede bord gjennom 500 år".


Denne boka er ei spanande kjelde til kunnskap. Her er merkverdige skikkar, pussige sitat og flotte bilete.
Les du litt, kan du skape ditt heilt personlege bord.
Om du til dømes puttar igler inn i tome eggeskal, vil egga rulle morosamt over bordet. Eller? Dei syntes i alle fall det var morosamt i barokken.
Det var  reine underhaldninga å knuse glasa ein drakk av. Så moro var det å knuse drikkeglas, at det i løpet av fire år blei levert 70 931 glas til det danske slottet.
Under barokken blei det elles slutt på å spytte over bordet eller snyte seg i bordduken. Greitt å vite om du inviterer gjester på barokt vis.

Du finn også meny-forslag og oppskrifter frå dei ulike epokane i denne boka.

Det er bare å setje i gang!

Skulle du ynskje litt meir inspirasjon når det kjem til blomster, kan den særs frodige boka til Isabella Smith: Blomster og buketter (Cappelen Damm i samarbeid med Det Norske Hageselskap, 2010) vere eit godt val.


Her er tips til bruk av blomar sommaren gjennom. Du får gode råd til alt frå dyrking til plukking og oppsett.
Det er fargelære og komposisjon av bukettar, kransar og kuler.



                                                   (Bilete lånt frå boka)


"Blomster og buketter" er ei riktig energibombe av ei bok.
Nett som ein slik dag i mai der du kan sjå blomane opne seg og trea grønast over dagen.



Lukke til med vår, sommar og fest!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar