fredag 11. mai 2012

Arbeidsveke på Tokke Bibliotek



Hei! Eg er ei 14 år gamal jente som går i 9.klasse på Edland Skule. Eg har vore på arbeidsveke på Tokke Bibliotek, der eg har fått prøva meg som bibliotekar. Det har vore ei artig og interessant veke, men det har også vore litt stressande og nervepirrande. Eg har fått god innsikt i kva vil seie å vere bibliotekar, som verkar som eit veldig morosamt yrke. Eg har jobba mykje med sortering, katologisering og registrering av bøkar, noko som var veldig artig! Eg har også blitt kjend med ein flott gjeng, noko som eg sett veldig pris på. 
Eg har også laga ei utstilling for ungdom, der eg har prøva å finne bøkar som dei forhåpentlegvis vil like. Her er eit bilete av utstillinga:
 De må kome til biblioteket for å sjå på bøkene eg har stilt ut!

-          Andrea Nordgarden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar