mandag 23. april 2012

VERDENS BOKDAG - VERD Å FEIRE!


 Vest-Telemarkbiblioteka er med på feiringa -
23.april – Verdens bokdag

Denne dagen baserar seg på ein tradisjon frå Barcelona, men vart ein internasjonal dag gjennom vedtak i generalforsamlinga til UNESCO (FNs organisasjon for utdanning, kultur og kommunikasjon) i 1995.

Målet med dagen er å markere boka si rolle i samfunnet, boka som uttrykksform, for språkleg- og kulturelt mangfald, for utdanning og for kommunikasjon.
Litteraturen er staden for kulturmøter, kjærleik, hat og svik. Bøker har ei eiga kraft som gjer at ytringsfridomen vert krenka kvar dag i mange land. I vårt land er ytringsfridomen sentral og biblioteka er viktige samfunnsaktørar.


Bokhandlarar, bibliotek, skular og flag over heile landet markerar Verdens Bokdag kvart år den 23. april.

Vest-Telemarkbiblioteka hadde to heile sider i Vest-Telemark blad laurdag 21.04 med boktips og bokmeldingar.  Nokre av desse artiklane vil bli publisert her på bloggen etter kvart. Vi nyttar høvet til å gratulere Kari Smeland frå Kviteseid. Hennar nynorske barnebok: Familien Kråkestup og nyset frå nabohuset vert lansert idag - på verdas bokdag.


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar