søndag 29. april 2012

TA STØVLAN PÅ



Visediktaren, visesongaren, lyrikaren, journalisten, religionshistorikaren, redaktøren, talaren og vennen, Kjell Oskar Selman døydde brått påskeeftan 2012. Med ham har ein raus, kunnskapsrik og ikkje minst fargerik telemarking gått bort.

Kjell Oskar har budd så mange år i Seljord at vi nesten oppfatta ham som Seljording. Han deltok aktivt i den lokale Amnesty-gruppa, i viselaget, i kunstforeninga og i mållaget. Han skreiv ei rad dikt og viser og sette melodi til, både eigne og andre sine tekstar.

Kjell Oskar vart fødd i industristaden Sauda i 1942, og kjende godt til arbeidarmiljøet både der og andre stader.  Han skreiv visa: Ta støvlan på på 70-talet som eit bidrag til ein konkurranse om beste arbeidarsong. Visa har sidan vore fast innslag under 1.mai feiringa i Seljord og andre stader i Vest-Telemark, og vil nok ikkje bli gløymt.






TA STØVLAN PÅ


Ta støvlan på. Nå er dei tømd
for støv og stein, for støv og stein.
Me har fått kvile såre bein.
Ta støvlan på. Ta støvlan på.
Kan du høyre arbeidsropet.
Kan du høyre slegga slå.
Ja, kan du høyre slegga slå.
Ta arbeidstøvlan på.


Ta jakka på, me fekk ei stund
med sol på kinn, med sol på kinn.
Men enno blæs den kalde vind.
Ta jakka på. Ta jakka på.
Me har sett svarte natta før.
Den ljose morgon skal me sjå.
Den ljose morgon skal me sjå.
Ta arbeidsjakka på.


Ta songen fram med trommeslag
og flytespel, og fløytespel.
Vår song kan ingen slå hel.
Ta songen fram. Ta songen fram.
Så lenge der er tonar til
me syng frå hjartet utan skam.
Me syng frå hjartet utan skam.
Ta arbeidssongen fram.


Ta hatten av. Nei, aldri meir
me fell på kne, me fell på kne.
Og aldri slår me blikket ned.
Ta hatten av. Ta hatten av.
For alle bøygde arbeidsryggar
som gjekk rake i si grav.
Ja, som gjekk rake i si grav.
Ta arbeidshatten av.


Ta støvlan på. Nå er dei tømd
for støv og stein, for støv og stein.
Me har fått kvile såre bein.
Ta støvlan på. Ta støvlan på.
Dei tonge vegar har me vandra.
Vide vegar skal me gå.
Ja, vide vegar skal me gå.
Ta arbeidstøvlan på.


Takk til Else Selman som har gjeve oss lov til å nytte teksten i bloggen til Vest-Telemarkbiblioteka.

Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar