fredag 20. april 2012

Frå Brenner via Petterson til Tanger...

Eg har alltid lika bøker som tek deg vidare, bøker som gjer at du må sjekke globusen, leksikonet eller ordboka. Eller bøker som freistar og lokkar deg til neste bok, og den neste og nest og neste.

Utgangspunktet for domino-effekten denne gongen er at Hans Olav Brenner er ein av mine favoritt-programleiarar på TV. Så da eg kom over boka Om å skrive, der han intervjuar eit knippe norske forfattarar, fekk eg lyst til bla litt. Og frå blaing blei det lesing av m.a. intervjuet med Per Petterson, der Petterson skildrar korleis han kjempar med skrivinga. Og medan eg ventar på resultatet av den kampen kikkar eg i Pettersons bok Måne over porten. Dette er ei samling med essay/tekstar som syner nokre av inspirasjonskjeldene til Petterson. Og slik kan ein ende i Tanger og med boka Et mangelfullt liv. Den er lese inn på band på talespråket maghreb av forfattar/forteljar Larbi Layachi. Dette blei så skrive ned og omsett til engelsk av forfattaren Paul Bowles. Boka kom ut i 1964, men blei fyrst i 1998 omsett til norsk. Og viss ein så skal assosiere vidare så er jo Bowles ein som har begeistra Ari Behn, kanskje ei årsak til at han skreiv Bakgård? Og nå er eg jammen snart på slottet - og det var slett ikkje i mine tankar. Men slik er det ofte med bøker, ein kan hamne der ein minst anar.

Britt i Seljord


1 kommentar:

  1. Bøker tek deg ikkje på avvegar men på vegen vidare.

    SvarSlett