fredag 9. mars 2012

Tekst og teikning - på nynorsk

Bøkene om CHERUB-agentane er spenning for ungdom. Forfattar er Robert Muchamore som, før han gjorde suksess med skrivinga si, jobba som privatetterforskar. Han bør derfor vite kva han skriv om når det gjeld kamp mot vonde krefter! CHERUB-agentar er ungdom mellom 10 og 17 år, og fordelen med så unge agentar er sjølvsagt at ingen mistenker at dei er nettopp det - altså agentar. Dei er mao perfekte å bruke i kampen mot terror og vold og anna kriminalitet.    Rekrutten er den fyrste boka i serien, og nå ligg den også føre som teiknserieroman. Og alt på nynorsk, jippi!

Britt i Seljord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar