torsdag 15. mars 2012

Seljording og "ekte grønlender"


KIM LEINE MED NY BOK I 2012

Profeterne i Evighedsfjorden (2012) kjem først på norsk hausten 2012.
Vi ser fram til dette,  og vil gjerne  minne om hans tidlegare bøker:


Valdemarsdag (2009)

Tunu (2009)
Kalak (2007)

Forlaget seier om Leines si siste bok:
Profeterne i Evighedsfjorden er en stort anlagt fortælling om et kulturmøde på godt og ondt, om umuligheden af at finde hjem og om den store drøm om frihed”.

Kim Leine er fødd i 1961 i Seljord og flytta til Danmark som 17-åring. Han er utdanna sjukepleiar og har arbeidd på Grønland i 15 år. I fleire av Leines bøker er handlinga lagt dit.
 
Den første boka, Kalak (2007) er ein roman om forfattaren Kim Leine sitt eige liv. Boka tek opp viktige sosiale tema på Grønland, men og hans eige rusmisbruk og  vanskelege barndom prega av incest og vold.
Tunu (2009) er foreløpig ikkje gitt ut på norsk, men er tilgjengeleg på biblioteket på dansk. Her søker Kim Leine tilbake til Grønland. Handlinga gjev eit bilete av eit år i eit lite Grønlandsk samfunn der livet kan vere både intenst og ekstremt. ”Naturen og døden - og livsintensiteten” kan vere stikkord for handlinga.


Mitt mål har vore å drive demonane ut av familien min”, seier forfattaren.

Valdemarsdag (2009) er Kim Leines andre forteljing om familien sin. Farfar Erik var ikkje nokon god far for sin son. Leine sin far var var heller ikkje god mot sin son. Det dei hadde felles var at alle tre blei oppdratt strengt religiøst. – ”Min farfar var klart psykopat. Han hadde klare, voldelige tendenser og ingen empati. Mitt  mål med boken var å skildre ham uten medfølelse”.


 SJÅ KIM LEINE OG HØYR HANS TANKAR OM DET Å SKRIVE


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar