mandag 6. februar 2012

Uglepynt



eller uglesett.

Desse uglene skal pynte på biblioteket i Fyresdal,
og vi vonar dei ikkje blir uglesett for sine friske fargar.



Om du går på biblioteket og låner ei bok du ikkje kan leggje frå deg,
kan du bli ei nattugle.

Ei natt uglene tutar, er gjerne ei uglenatt.

Låner du ei bok om å gjere galne strekar,
for så å gjere slikt sjølv,
kan du hamne bak lås og slå og bli ei burugle.
Eller er det ugler i mosen her?

Om du tek ein tur på biblioteket,
kan du lære meir om ugler.
 Ser du med ugleblikk, finn du  kanskje fleire ugle-ord.
Som kyrkjeugle.
Kyrkjeugla var den heilage fuglen til Atene i gamle grekenland.

Den som ynskjer å lese om ugler,
kan kome til å lese Harry Potter - bøkene,
eller finne fram til helt andre fengande boksider.

God boooook - uhuuuu !


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar