onsdag 1. februar 2012

Nytt gamalt




eller kanskje gamalt nytt.

Ingen kan vel påstå at sjakk er nytt.
Det er helst gamalt.
Visstnok oppsto spelet i India på 500-talet,
før det fekk nytt fråspark i Spania på 1400-talet.
Etter vidare 600 år fekk biblioteket i Fyresdal eit eige sjakkbord.

Stor stas!

To spelar, og ein liten gjeng kommenterer både trekk og reglar....

Legg merke til Veronica til høgre på bileta.
Det er ikkje noko å seie på engasjementet!


"Eg lurar på høtt eg skal gjere?"


"No blei eg skikkeleg usikker"



"Det var ikkje dumt"



"Såg du høss gøtt det gjekk?"



Sjakk er sanneleg eit spanande spel!






Liv - Fyresdal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar