tirsdag 14. februar 2012

Kjærleikens dag 14. februar


St. Valentine’s Day, eller Alle hjerters dag, eller kjærleikens dag blir feira i mange land 14. februar med kort, anonyme kjærleiksbrev, blomar, konfekt osv. Skikken skal visstnok ha starta allereie på slutten av 1500 talet, og kjem truleg av den folkeleg trua på at fuglane startar å pare seg denne dagen. 
Det blir også sagt at dagen blir feira for å heidre den heilage Valentin som leid martyrdøden.  I brevet han skreiv til sin kjære Julia før han blei drepen ba han henne om å halde seg til Gud, og signerte med ”…frå din Valentin” (kjelde: Store norske leksikon og Wikipedia)



På biblioteket finn du bøker og filmar som vil inspirere deg, anten du skal skrive  nokre vakre ord til din kjære, lage ein romantisk middag eller overraske din utkåra med ei eksotisk reise.

Her kan du få idear til eit hyggeleg kort eller eit nydeleg kjærleiksbrev:


En kreativ hilsen av Gitt Schou Hansen
Kreative kort av Julie Hickey
Kreativ stempling av Marie Andreassen og Turid Strand
Si det med papir av Anne-Marte Waleur



Ein hyggeleg film med gode venner kan vera ein fin og avslappande Valentin-kveld:

Sammen er vi mindre alene
Karamell
Spis, elsk, lev


Vi ønskjer deg ein god Valentinsdag og vonar kjærleiken blomstrar – ikkje berre 14. februar, men heile året!

Bjørg Irene Abrahamsen
Vinje folkebibliotek




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar