onsdag 15. februar 2012

FANTASTISKE BILDEBØKER AV STIAN HOLE



Har du barn mellom fire og åtte år, andre du har lyst til å lesa for eller sjølv vil oppleve ei sjeldan vakker og spesiell bok?

Den gamle mannen og hvalen (2005) handlar om to gamle brør som etter mange års uvennskap, finn saman att gjennom ei oppgåve dei må samarbeide om; å redde ein hval.




Garmanns sommer (2006), Garmanns gate (2008) og Garmanns hemmelighet (2010).





Desse bøkene om Garmann tek opp det å grue seg og vera redd for noko, som å byrje på skulen eller Roy i fjerde. Ikkje minst handlar dei om vennskap.


Dette er historiar og bilde som små og store vil kjenne seg att i og glede seg over.


Stian Hole har mottatt ei rekkje prisar og bøkene hans er omsatt til fleire språk.


Mari Solvang Songe
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar