tirsdag 17. januar 2012

Utplassering på biblioteket i Seljord

Eg er ei jente på 16 år som går i 10. klasse på Seljord ungdomsskule. Måndag 16. og tysdag 17. januar var eg med og hjelpte til på biblioteket! Det var veldig interessant og morosamt, og eg fekk eit innblikk i korleis det er å vere bibliotekar. Først måtte eg sjølvsagt få litt omvising og forklaring av ulike system, men etter kvart fekk eg prøvd meg på mange ulike arbeid. Ting eg hjelpte til med var m.a. innlevering og utlåning av bøker, sende ut purringar, leite etter bøker som var etterspurt, bestille nye bøker (enten frå fylket eller landet), pakke opp bøker som hadde komme, rydde og sette på plass bøker og registrering av nye/"eldgamle" bøker. I tillegg har eg laga ein utstilling med bøker for barn/ungdom der eg har utstillt bøker, "spennande bøker og fantasi". Her er eit bilde av utstillinga:



Eg syns det har vore veldig moro å vore med på å jobbe på biblioteket. Og kven veit; Kanskje ender eg opp som bibliotekar ein dag??

- Signe R. Rue

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar