onsdag 25. januar 2012

MARKENSUTSTILLING 2012

Laurdag 11. februar kl. 11.00
opnar historielaget i Kviteseid fotoutstilling på Kviteseid folkebibliotek.

Fra fotoalbumet etter lensmann C.C .Johannesen
Du finn oss i Gamlebanken ved kommunehuset i sentrum av Kviteseidbyen.

Historielaget vil vera på biblioteket:
fredag kl. 15.00 - 17.00 og
laurdag kl. 10.30 - 14.00

Her vil det vera boksal.
Orientering om Ættesoga på nett kan du
også få.





I år vil me selje heimbygdsogene til John Skarprud, i tillegg til alle dei andre bøkene historielaget har gjeve ut.



Markensutstillinga viser om lag 60 bilete frå den eldre historia til Kviteseidbyen. Utstillinga byggjer på bileta frå 100-årsmarkeringa for bybrannen i Kviteseidbyen 16. oktober 1911.
I samband med opninga vil det bli ein presentasjon av bileta, litt musikk og kan hende ei overrasking i tillegg til dette. Det vil også vera høve til å sjå alle biletseriane frå i haust. 


Har du gamle bilete som kan vera interessante for andre, så ta dei med eller kontakt oss i historielaget eller på biblioteket.

Les meir om Kviteseidmarken og markensprogrammet her.

Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar