torsdag 8. desember 2011

Quiz på jolemarknaden

Arbeidsgruppa for Sandsdalenjubileet hadde stand på jolemarknaden på Dyrskuplassen i november. Der kunne folk bryne seg på ein liten, men vanskeleg, spørjekonkurranse om Halvor J.
Vinnar er kåra, og to flinke damer delar fyrsteplassen:
Asbjørg Moland og Reidun Øverland kan mykje om diktaren frå Seljord. Vi gratulerer!
Og premie er sjølvsagt innramma plakat med Sandsdalendikt.

Britt i Seljord

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar