lørdag 17. desember 2011

Ei bok for mjuke dagar




Det finst alltid ein grunn til å lese ei god bok.
Det finst alltid tid til ei lita pause.

Ikkje tid til ei pause, nei?

Om dagane nå skulle vere stappa med oppgåver og jolefryd,
går det jo fint å glede seg til ei stille stund med ei god bok i januar.

Ein god stol, fyr på omnen, eit pledd til frosne tær.


Om det i tillegg er ein slik dag der snoen fell mjukt
og du ikkje har ein einaste masete tanke i hovudet,
då kan du velje denne boka:



Dette er ei bok å lese med kjenslene.
Dette er ei bok om eit middelaldrande par
som flyktar frå sorga over si eiga barnløyse
ved å bli nybyggjarar i Alaska i 1918.
Han er bondeson frå frodigare og varmare strôk.
Ho er intellektuell og forfina.
Kvar for seg lever dei i sorga,
og på kvart sitt vis møtar dei utfordringane i Alaska.
.

Ved det fyrste snofallet gjer dei endeleg noko saman.
Dei lagar ei lita jente i sno.
Snojenta får eit vakkert skjerf med vottar til.
Neste dag er jenta, skjerfet og vottane vekk.
I eit glimt ser dei eit lite barn springe mellom trærne.

Eit russisk eventyr vev seg inn i forteljinga.
Ei realistisk skildring om sorg og nybyggjarliv
eller ein vakker fabel?

Eigentleg var eg ikkje motivert for å lese om nybyggjarliv i Alaska,
og eg var  heller ikkje motivert for å lese ei bok
 som kanskje/kanskje ikkje var i grenseland mellom realisme og eventyr

Min manglande motivasjon gjorde slett ingenting.
Boka greip meg etter få minutt,
og sidene blafra nesten av seg sjølv.


 Les!





Liv, Fyresdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar