torsdag 8. desember 2011

13.desember feirar vi Santa Lucia.


Her i Skandinavia fell feiringa av Santa Lucia saman med adventstida, og blir rekna som ein førejolsskikk. Luciafeiringa som vi kjenner ho i dag, er henta frå Sverige, og mange syng Luciasongen på svensk. Luciasangen er eigentlig ei napolitansk folkevise, som skal vere skrive ned i 1834 av den italienske komponisten Teodoro Cottrau.

Vi
har ein flott nynorsk tekst som vi håpar blir bruka.
                                                                                             
Sankta Lucia

Natta går tunge steg

kring hus og låve.
Sola ho gjekk sin veg,
jorda må sove.
Brått her i stova vår,
lys over mørket rår.
Sankta Lucia,
Sankta Lucia.

Natta var stor og tom.
Høyr kor det brusar
i alle stille rom,
venger som susar.
Sjå, innom døra står
kvitkledd med lys i hår.
Sankta Lucia,
Sankta Lucia.

Mørket skal rømme snart
frå våre dalar.
Høyr slik eit underbart
ord som ho talar.
Då skal ein dag på ny
stige or morgonsky.
Sankta Lucia,
Sankta Lucia.

Tekst: Ingvar Moe


Feiringa av Santa Lucia blanda seg med den gamle norske Lussi-feiringa.
Medan Lucia står for det gode, var Lussi ei heks som ein måtte passe seg for.
Lussinatta er frå gamalt av kjent som den lengste og mørkaste notti i året.
Notti som var det gamle norrøne vintersolverv, var full av uhygge. Hekser og andre onde makter var ute. Dermed oppstod tradisjonen om Lussi langnatt, om Åsgårdsreia av tussar, troll og underjordiske som for frå hus til hus og passa på at alt var klart til jol. Var det ikkje det, så var det fare på ferde.



"Lussekattane" er tradisjonelle kaker til Luciafeiringa.
 Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebilbiotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar