søndag 20. november 2011

Jola kjem fort


Kan hende kjem jola fortare enn den gjorde før,
men mest truleg kjem den framleis 24.desember.

Tida fram til 24., er kanskje travlare enn før.
I alle fall må biblioteket leggje fram jolebøkene i november.

I Fyresdal har det alt vandra ut mange lånarar med posene fulle
av gode tips til jola og smarte råd om korleis pynten kan lagast.

Eg måtte vere rask med kameraet
om eg skulle få eit bilete der nokre av dei nye bøkene var med.



Boka til Kristin Langebraaten,
Til mitt julehus,
er ny i år.



Om ein ikkje treng ny jolepynt,
kan jo tida brukast til litt høgtlesing.

I slik ei førjolstid er det kjekt med bøker
med streif av tradisjon og med ein god moral.

Bjørn Ousland har nett gjeve ut ei biletbok som byggjer på
same lesten som folke-eventyra.


Her er konge og dronning, prinsesse og Espen Askeladd.

Heilt som før er det likevel ikkje.
Dette er ein frisk, spennande og morosam nyskaping.

Prinsessa er slett ikkje mild og god.



Dei modige mennene i landet blir utsettt for fryktelege farer



før Espen Askeladd løyser heile oppgåva.


Korleis han gjer det,
og om det blir til langvarig glede for prinsessa og kongeriket,
ja, det må du lese boka for å finne ut.

************

Om du skulle vere heilt på nostalgiens bølgelengde
eller tenke at det er slett ikkje så gale med litt  gamaldags oppdraging,
kan denne boka  vere verdt eit lån:



Her finn du mange av dei gamle sangane til Margethe Munthe.
Syng i veg - det er ikkje noko å seie på bodskapen!

Kanskje dette blir slageren for ungar som mukkar ved matbordet?




Knut Nærum har skrive eit rett morosamt etterord i boka,
men vil du lese dét, må du skaffe deg boka.

Det er grenser for kor mykje eg kan fotografere av,
sjølv om eg gjer det i beste meining:
Måtte riktig mange kose seg med bøkene!




Liv, Fyresdal



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar