torsdag 6. oktober 2011

Tarjei Vesaas på Spansk!

Vinje har for tida besøk av ein nokså uvanleg og interessant familie frå Meksiko:  Juan Gutierrez har flytta til Vinje for å lære seg Vinjedialekt!  Eit uvanleg og friskt prosjekt og det er ikkje berre for moro: han har blant anna som mål å oversetje Tarjei Vesaas til spansk.  Familien Gutierrez har budd her i to år nå og deltar aktivt i kommunen. 



Juan seier dette om kvifor akkurat Vesaas:

Kvifor omsetjing Tarjei Vesaas til Spansk? Vel, der er for mange svar på det spørsmålet. For det fyrste fordi arbeidet hans ikkje er kjent på spansk. Det er i det aller siste at Is-slottet har blitt omsett til språket vårt. Eg meiner det er eit sakn at Vesaas ikkje har fått den merksemda han fortener. Det er eit stort tap for oss.



Vesaas er ein viktig forfattar, ikkje berre for Noreg. Han er kjent i Tyskland, Frankrike, og andre stader, og byrjar å bli meir kjent i den engelskspråklege verda. Men verdien av Vesaas kjem ikkje på grunn av at han er kjent. Den kjem av den reine og skjære kvaliteten på arbeidet hans. Han var ein type forfattar som tok både litteraturen og språket alvorleg. I arbeida sine viser han ein usedvanleg evne til å snakke om det som ikkje kan bli skildra fullt ut. Han uttrykker kjensler og overfører dei frå karakterane sine til lesaren gjennom dyktig og forsiktig bruk av språket. Dei korte setningane, tilsynelatande enkle og direkte, avslører den indre handlinga i karakterane som for eksempel Mattis eller Unn. Bileta som kjem til uttrykk gjennom desse korte setningane, er sterke og enkle. Mattis som ror på vatnet, Siss som spring gjennom mørkret for å besøke Unn, eller mannen i huset som har kryssa grensa omslutta av mørkret og snoen i Det snør og snør…


Bileta verkar ikkje berre som direkte bilete eller metaforar, dei blir også ein del av ei djupare meining i teksten. Mørkret, straumen, snoen og det kalde veret blir også ein del av karaktergalleriet. Eg har ofte høyrt at Vesaas er vanskeleg tilgjengeleg på grunn av dei ulike tolkingar som ligg i teksten. Likevel meiner eg at dette er nettopp Vesaas si sterke side: dei mange laga i teksten hans. Kvar einaste novelle kan gi eit utal moglege tolkingar: dei er der i kraft av orda, forfattaren og det miljøet han skildrar. Dette er ein kunst som berre store forfattarar meistrar. Han prøvar, og lykkas ofte, med å skildre både indre og ytre handling hjå karakterane. Vi sovnar med Unn i is-slottet, og vi vaknar opp med Siss og delar hennar nye tomheit, og som sjølve is-slottet blir det ikkje skildra fullt ut. Vi kjenner det, vi delar det, og vi blir med ho på reisa utover og ut av den nye tomleiken. Ho kan ikkje lenger bli den ho var, på samme måte som lesaren ikkje blir den han var etter å ha lest boka. Dette oppnår Vesaas med korte, sterke setningar, med korte, sterke bilete.


Det same skjer i Fuglane. Mattis blir ein spegel med mange bilete slik som speglar ofte gjer. Du ser på spegelen, og du oppdagar mange bilete, dei er ulike avhengig av posisjonen du står i, i høve til spegelen. Det same gjeld for Mattis. Du ser på han, og gjennom auga hans, ser vi verda på mange måtar. Det kjem også an på kva for synspunkt lesaren sjølv vel. Uansett blir ein påverka av Mattis, eller av Tarjei Vesaas.

Vi ynskjer Juan lykke til med arbeidet, og gler oss over at den spansktalande delen av verda også skal kunne nyte Vesaas si diktning!

Bjørg Irene Abrahamsen, Vinje folkebibliotek.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar