torsdag 27. oktober 2011

Slektforsking på biblioteket og på nett.

Laurdag 29.oktober finn slektforskardagen stad i alle fylker i Noreg.

Kviteseid folkebibliotek har ikkje eige arrangement knytt til denne dagen, men vil nytte høvet til å presentere Ættesoga for Kviteseid på nett. Frå i år er også gardssoga integrert, og det er høve til å laste opp foto av personar og gardar. 

Biblioteket har breidt utval av lokalhistoriske bøker og slektsbøker. Vi har også leseapparat for mikrofilm til bruk for publikum.


Johannes Skarprud frå historielaget og kursleiar Geir Håkon Eikland.

Kviteseid historielag har arrangert fleire opne kurs for nye brukarar av Ættesoga på nett, seinast sist helg.
Per dato er det meir enn 3000 nye namn som er lagt inn, og mange andre er blitt oppdatert med nye opplysningar.






 

Ættesoga
Nettstaden er for deg som har familieband til Kviteseid eller Vest-Telemark.
Mange av personane du finn her, er henta frå Bygdesoge for Kviteseid til Torjus Loupedalen utgitt i 1956 



Geir Håkon Eikland har utvikla nettstaden. Han seier  at ” Målet med nettstaden ikkje berre  er å vere eit oppslagsverk om gamal tid, men og at nye generasjonar blir lagd til, slik at den blir ei levande soge med personar frå heile verda som har band til Vest-Telemark. Før var slektene meir stadbundne, men i dei siste generasjonane har ektefeller frå andre delar av Telemark, andre fylke og land kome til. - Og for å ikkje gløyme alle dei som har flytta eller utvandra og førd ættegeinene vidare på andre stader / kontinent” .




Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar