torsdag 6. oktober 2011

Bok med åtvaring



Sist laurdag skulle eg ha 22 gjester på ungarsk gulasjsuppe.
Eg hadde aldri laga slik suppe tidlegare,
så eg kjente meg i slekt med Pippi Langstrømpe:
"Det har jeg aldri prøvd før,
så det tror jeg sikkert jeg kan klare".

Med god hjelp av kokeboka til Bent Stiansen
(den finn du på biblioteket)
og etter mykje steiking, hakking, røring og smaking
sto 16 liter suppe til koking.

Bordet var nesten ferdig pynta


og eg kjende meg klar for ei lita pause.

Ei tynn lita boka eg skulle ha lese for lenge sidan
kunne eg alltids bruke nokre minutt på.



Tenkte eg.

Og tok heilt feil.

Eg måtte lese boka frå perm til perm
og det tok strengt tatt meir enn nokre minutt.

Helga Flatland fortel historia til ei lita gruppe gutar.
Ho fortel om vala dei tek,
og alle dei meir eller mindre gode grunnane til desse vala.

Ho skildrar familiar og bygdesamfunn,
forventingar og krav
med levande innsikt.

Gutane vel å reise til Afghanistan.
Dei kjem ikkje tilbake.

Eg las og suppa kokte.
Eg las meir.
Tårene trilla på meg.
Kokande tomat og olje
spruta flotte mønstre over kjøkkenet.

Slike bøker bør kome med ei åtvaring på omslaget:
"Denne boka får deg til å gløyme kokande suppe "

Ein fordel med å arbeide på bibliotek,
er at ein av og til kan snappe dei nyaste bøkene fyrst.
Eg har den neste boka til Helga Flatland,
"Alle vil hjem. Ingen vil tilbake"
klar til laurdagslesing.
Utan suppe på komfyren.


God  bok!



Liv - Fyresdal


1 kommentar:

  1. Aldeles enig med deg Liv! Imponerande god innsikt av ein så ung forfattar.

    SvarSlett