fredag 21. oktober 2011

Bøker i alle haugar

Hausten er lesetid, ikkje tvil om det. Det er snart leseveker rundt på skulane i Seljord, og mange bokkasser skal ordnast til frå biblioteket. Da må ein verkeleg tåle bøker i haugar og stablar medan ein jobbar, skikkeleg bokrot - det er flott for oss!
I tillegg til leseveker skal mellomtrinnet og ungdomsskulen ha besøk av bokpratar til veka. Da kjem Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret i Volda for å inspirere unge seljordingar til å lese nynorsk. Så hausten er lesetid, ikkje tvil om det.

Britt i Seljord

   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar