tirsdag 11. oktober 2011

100-årsmarkeringar i Kviteseidbyen

Hundre år sidan den siste bybrannen og hundre år sidan Kviteseid sparebank fekk sitt førte bankbygg i Kviteseid.

Markeringa finn stad sundag 16 oktober, same nott som bybrannen braut ut  i 1911. Den dåverande Kviteseid sparebank, idag Kviteseid folkebibliotek, blei oppførd dette året, men blei heldigvis ikkje skadd.

Les om bybrannen i 1911 og anna interessant lokalhistorie på KVITESEIDBYEN



Johannes Skarprud har samla mange interssante og morosamme bilete  frå Kviteseidbyen frå 1870-åra og fram til i dag. Gratis kaffe og ein kakebit.


Frammøte sundag 16. oktober kl. 17.00, Waldenstrøms konditori, Kviteseid



Etter dette tar Gunnar Ruud oss med på  byvandring som endar på Kviteseid bibliotek.
Her er det utstilling i samarbeid mellom Sparebanken Sør og biblioteket.

For dykk som ikkje er kjende i Kviteseid sentrum, eller er blant dei faste brukarane våre; nytt høvet til å bli med på markeringa.

Velkommen!



Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek



Arrangørar:Kviteseid historielag, Kviteseid næringslag, Sparebanken Sør og Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar