fredag 9. september 2011

Mangt og mykje på biblioteket,

men av og til  litt for lite?


************


På biblioteket kan du krabbe gjennom ein boktunell.



Du kan setje deg på den gule forteljar-stolen
og underhalde dei andre,
eller du kan teikne med flotte fargar.



Du kan lese avisa i skuggen av eit tre.




Du kan ta eit parti sjakk med ein ven,
eller sjekke siste nytt på data'n.




Du kan låne ei bok



der du finn ut korleis du kan strikke ein blåmeis *S*




Du kan kikke bortover hylle på hylle med bøker,



og likevel ikkje finne nett den boka du ville låne.

Problem?

Neida.
Biblioteket kan fjernlåne boka for deg.
Det er heilt gratis.
Boka blir bestilt frå eit anna bibliotek i Noreg,
og du kan hente den etter nokre dagar.

Vil du leite etter bøker i ulike baser,
finn du ein del her .

I enkelte baser kan du bestille sjølv gjennom Norgeslån .
Då ordnar du bestillinga på eiga hand.
Det du bestiller blir sendt til ditt lokale bibliotek for henting.
Ver merksam på at biblioteket du bestiller frå,
kan avvise ynskjet ditt i særskilte høve.

Blir ynskjet  avvist,
ta kontakt med biblioteket ditt
så finn vi nok ei løysing.



Det finst uhorveleg mange bøker å glede seg over!




Liv - Fyresdal






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar