tirsdag 20. september 2011

Haustjakta!








No er jakta snart igang! Hugs at du kan låne mange fine bøker om jakt på biblioteket!










I boka "Jaktrifler & riflejakt" vil du kunne hente uvurderleg kunnskap og ei rekkje gode råd og tips anten du skal kjøpe di fyrste jaktrifle eller du allereie er ein dreven jeger og skyttar. Forfattaren, Eirik H. Moen, tek grundig føre seg dei mest tenkjelege og utenkjelege temaer i tilknytning til jaktrifler og bruken av dei. 
   


Når viltet er fanga må det jo tilberedast. "Jeg velger meg elg" gir deg inspirasjon og kunnskap til kreativ utnytting av elgkjøtet. Boka tek for seg alle delar av slaktet, med forslag til ulike tilberedningsmetodar og meir enn hundre oppskrifter. Tradisjonelle rettar presanterast side om side  med meir moderne variantar. Boka er krydra med små litterære perler - gode historiar om elg og elgjakt frå kjente forfattarar og jegerar.

Det er ikkje noko meir tilfredsstillande enn å hauste av naturens spiskammer., anten det er vilt, fisk, urter, sopp eller bær. I denne boka får du idear om korleis du kan bruke fangsten og korleis naturens råvarar skal handsamast på best mogleg måte.


"Jaktgleder" av Pierre Aker, byr deg på eit raust knippe historiar frå utallege jaktturar etter hjort, rådyr, villsvin, rev og mink. Naturopplevingar, høg puls, tapte moglegheitar, skuffelse og glede er sjølvsagte ingrediensar i den miksen som heiter jaktglede. Jakt er sosialt samvere, korte eller lange marsjar, lange timar på post, frisk luft og tidvis regntunge og vindfulle dagar. Ein jaktdag krydrar livet.

GOD JAKT! Både på biblioteket og ute i skogen!



































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar