tirsdag 6. september 2011

Dyrsku-tid


Dette er diktplakaten Grafisk gull har laga til septemberdiktet.

Som vanleg er biblioteket i Seljord stengt fredag og laurdag i Dyrsku-helga, da er jo likevel nesten alle i bygda opptatt med andre ting enn å besøke oss.

Og alle kan kose seg med dette Sandsdalen-diktet:

MED KONGEN PÅ FØRSTE BENK
To gonger har eg lese
prolog med kongen på første
benk

I
Fesjå i Seljord.
Hundreårsjubileum.
Seksten tusen menneske
åtte hundre strofe
hundre hetsar og tivoli

Eg las to liner,
då reiv oksen Kumann
ned ledningen
til høgtalaren.

II
Landsmøte i Raudekrossen
på Maihaugen.
Ein gamal tam herge kom
og snørde opp skoreimane
til Kongen.

Ingen høyrer prolog
når eit uventa drama
blir framført på scena.



Britt i Seljord

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar