onsdag 31. august 2011

SOV SØTT HERR SPISS

Barnehageturne for Herr Spiss.


Forestilling som vitjar Seljord onsdag 21.september, Brunkeberg (Kviteseid) og Fyresdal torsdag 22.september.



Den omreisande figurteaterforestillinga til Adele Duus bygger på Erna Oslands fagbok for dei minste. Fagformidling gjort på rim er ikkje noko ein møter kvar dag og søvn er eit spennande tema både for liten og stor. Boka – og forestillinga - gjev svar på korleis og kvifor dyr og menneske søv.

Vesle Herr Spiss får aldri sove lenge. Han er støtt på leit etter mat: Nokre sprø, knasaande edderkoppar, eller kanskje ein fin og feit mark? Saman med professor Tue legg han ut på ei farefull ferd der han møter dei andre dyra som søv på heilt andre vis enn han sjølv.





Erna Osland og Inger Lise Belsvik har her gitt oss ei forteljing til sengekanten, ein samtalestartar i barnehagen, og ei ressursbok til småtrinnet. Sov søtt, herr Spiss er ei bok som kan nyttast og nytast på mange vis, både stykkevis og som heilskap.



Erna Osland har skrive ein serie prislønte fagbøker om dyr dei siste åra, og alle har, som denne, teke utgangspunkt i eit tema: mat i Skarpe tenner, foreldre og barn i Fint å ha far, og vennskap i Dyrebare venner. Den nye boka skil seg frå dei føregåande tre m.a.ved at målgruppa er yngre born. Som vanleg skapar ho engasjement og interesse med ein engasjert og utforskande tekst.

Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar