onsdag 10. august 2011

Haust


Det er ikkje tvil.
Dagane er klårare,
nettene er lengre
 - og mykje kaldare.

Hausten er ikkje langt unna.

Det er mykje ein kan kose seg med på vakre haustdagar.

Som å plukke sopp.



På sopptur gjeld det å ha utstyret i orden.
Ei korg, ein kniv med børste
og ei soppbok.


Biblioteka har sjølvsagt mange bøker om haustlege aktivitetar.

Bærplukking, strikking,
fuglar som flyg, fisk som bit
eller altså sopp.

Men, om biblioteket ditt skulle ha denne boka frå 1969 på hylla,
er det heilt på sin plass å be dei kjøpe inn ei ny bok.

Bøker om sopp skal ikkje vere fleire år gamle.
Kva som er grei sopp å ete,
endrar seg stadig.




Det er forresten ikkje bare soppbøkene som kan bli litt gamle på biblioteka.
Om du meiner fagboka du finn har gått ut på dato,
sei gjerne i frå.
Det er ikkje alltid vi rekk å fylgje opp alle fagområda.

Eit godt bibliotek blir bygd i samspel med brukarane :-)



Liv - Fyresdal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar