mandag 29. august 2011

Frodig Sandsdalen-kveld på Vinje Bibliotek

I høve at det er 100 sidan Halvor J. Sandsdalen blei fødd, hadde skodespelaren Hæge Manheim og musikaren Oddbjørn Aase frå Seljord, ei fin forestilling om denne fine og smålåtne forfattaren seist onsdag 24. august på biblioteket i Åmot.


Halvor J. Sandsdalen har ein stor produksjon bak seg, både av dikt og ulike tekster, skrive på eit rikt Seljordspråk. Fleire har lete seg inspirere og sett tonar til dikta hans. Kjell Oskar Selman laga tone til mellom anna diktet ”Grå kveld”, medan Ivar Medaas laga tone til eit dikt som ”Vise i moll”.

Men det rikaste og frodigaste samarbeidet hadde Halvor J. med Sigmund Groven. Og den som høyrer den burleske visa om ”Jordeplegravst” gløymer ikkje det så fort, - og det gjer heller ikkje han som høyrer den vare, fine visa ”Kom sol”.

Desse visene og mange til, blei framførde av Hæge Manheim og Oddbjørn Aase i eit fint samspel, der han med sine instrument, både trekkspel, gitar og ukulele, bygde opp under dei ulike stemningane. I tillegg song han med på some av visene.

Men dei tok òg fram mange av dikta og tekstene til Halvor J. Dialogen ”Bygdestir bak blå gardin”sat skikkeleg og greip tak i dei som bryr seg mest om andre. Teksten ”Minkepinnen” stiller vel kanskje eit lite spørsmål ved kva som er vesentleg med det me driv med.

Hæge Manheim går skikkeleg inn i det ho les, og ho vågar å spela med for å få fram innhaldet i det ho framfører. Og på Halvor J. si eiga dialekt gjev ho farge til og lagar eit ekte miljø kring tekstene hans.

Øystein Løk



Bjørg Irene Abrahamsen, Vinje folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar