torsdag 11. august 2011

”Følelsesbiblioteket” av Anna Fiske

Å snakke om tankar og kjensler kan vere vanskeleg både for små og store.
Bøkene til Anna Fiske kan fungere på fleire nivå, både som samtalebok og til lesetrening.
Det korte formatet er overkommeleg å lese for dei fleste uansett språknivå.
Enkelte abstrakte ord og uttrykk i teksten kan vere ei utfordring for noen, og metaforar kan vere vanskelege å forstå, men her er fargerike illustrasjonar som er til god hjelp.

Mange bibliotek vel å ha desse bøkene blant barne-/biletbøkene, andre har dei på hylla for tilrettelagt, og andre brukar dei i lese-skriveprosjekt for vaksne innvandrarar. 

Meistring av språket, og de rette orda, gjev tryggleik.
.
Det fargerike Følelsesibiblioteket , med bøker om sinne, forelskelse, redsel og sjenanse
gjev lesarane basisvokabular og faste uttrykk som beskriver eigne kjensler. 
Meistring av språket, og de rette orda, er gode hjelpemiddel i sosiale samanheng. Ein treng å kjenne kvarandre for å bli vener, og kjensler er universelle sjølv om språk, alder og kulturell bakgrunn er ulik.


Lesing og samtale er kontaktskapende aktivitetar,  og desse bøkene gjev lesarane språket dei treng for kvarandre.


Du finn bøkene ved alle Vest-Telemarkbiblioteka. Dei er gjeve ut gjennom ”LESER SØKER BOK”.



"Overraskende lett går samtalen i klasserommet om følelser", fortel Elin Husebø som leiar lese- og skriveprosjektet ved Rosenhof skole i Oslo. Mange av innvandrarelevane har sterke krigsopplevingar eller har opplevd diskriminering, og dei treng å snakke om det med andre. 

Følelsesbiblioteket er kanskje hjelpemiddelet du saknar?



Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar