tirsdag 19. juli 2011

Blått garn til blå sommarfuglar

Har du BLÅ garnrestar du aldri kjem til å bruke?

Husflidslaga i Vest-Telemark  samlar inn blått strikkegarn og strikkepinnar til strikkeaktivitet på Dyrsku'n i Seljord. Store, blårutete bærenett er plassert  på biblioteket i Kviteseid, Åmot, Seljord, Flatdal, Dalen, Høydalsmo og Edland. Fylkeslaget tek imot garn også andre stader i nedre del av fylket. For levering av garn andre stader, ta kontakt med din lokallagsleiar eller husflidskonsulenten.



Foto:pinnehobby.blogspot.com
Strikkebylgje over landet


Fekk du kanskje sjølv lyst til å ta fram dei uferdige arbeida som ligg i kista?
Folk som ikkje har tatt i strikkepinnane på ei årrekke har fått ny interesse, og oppsøker biblioteka for å få inspirasjon og friske opp teknikken. Forlaga gjev ut strikkebøker som aldri før og mange av dei havnar på våre hyller.




Annankvar veke har strikkeglade kvende fylt biblioteket i Kviteseid med latter og kaffeduft. Ta kontakt med dei om du ynskjer å vere med. No samarbeider dei med Telemark Fylkeshusflidslag om desse strikkeaktivitetane for barn på Dyrskun andre helga i september.

Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar