torsdag 9. juni 2011

Ei bok for regn, ei bok for sol

Det finst så mange bøker.
Det finst ei bok til alle slags dagar.

Er det skikkelig regnvêr, kan ein jo vele ei bok der det  bøttar ned.
Den siste boka til Chelsea Chain, Mørketid, er ei bok med og for regn.
Det er den fjerde boka om politimannen Archie Sheridan.
Den fyrste boka, Ondskapens hjerte (2008), er det sikkert mange som hugsar.
Meir grusom og fælare krim er knapt nok skrive for vanlege folk.

I Mørketid regnar og regnar det. I strie straumar.
Folk druknar i vatn, blir drepne i vatn og gulpar vatn.

Mordaren i grusom, boka er passe spennande, passe lettlest,
Archie Sheridan er tøffare enn toget
og journalisten Susan er sprø og morosam - nett som i dei tidlegare bøkene.



**********

Om det ikkje skulle regne,
om du ikkje treng fyre i omnen,
om du heller vil ha ei gripande bok i solkroken,
da kan Midt i mellom av Jean Kwok vere noko for deg.





Denne boka fortel historia til elleve år gamle Kim Chang
og mora hennar som emigrerer frå Hong Kong til New York.

I Hong Kong var Kim Chang ein særs skuleflink elev,
og mora var ein anerkjent fiolinist.

I New York er dei ingenting.
Ikkje kan dei språket,
ikkje kjenner dei kulturen
og dei lever på mindre enn minimum.

Dette er ei bok om å hamne midt i mellom,
om ikkje å høyre til nokon plass.
Ei bok om å vere utan håp eller framtid,
men også om å ha ein ekstrem viljestyrke, mot og arbeidsevne.

Vi fylgjer Kim Chang fram til vaksen alder,
og det er rørande lesing som også gir bitar av forståing
og opnar for ettertanke.

Kanskje er forteljinga litt usannsyneleg av og til,
men det kan sanneleg livet også vere! 

Ei bok for lesarar frå 15 til 105 år :-)



Liv, Fyresdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar