mandag 2. mai 2011

VERDAS BOKDAG 2011


I 1995 bestemte Unesco at 23. april skulle være vera internasjonal bok- og opphavsdag. Verdas Bokdag feirast i over 100 land frå nord til sør.

Bokdagen bygger på ein tradisjon frå middelalderen i Barcelona, der kataloniarane kvart år feira sin skytsengel Sankt George 23. april med opplesing og poesikonkurransar. Bokdagen har sidan vore ein overdådig folkefest der tradisjonen er at ein gjev ei bok og ei rose til ein som ein tykjer om.


 

I år fall Bokdagen på påskeeftan, så den offisielle markeringa blei utsett til torsdag 5. mai. Biblioteka i Vest-Telemark har boktips og presentasjonar i Vest-Telemark blad denne dagen. 

 
I høve den uvanleg seine markeringa,  har biblioteka i Vest-Telemark i år fokusera på sommarlitteratur av ulikt slag: Boka på stranda, Landskappleik nær deg, Kreativ sommar i 2011, Mat ute, Ut på tur - aldri sur, Auga på vegen - lydbok på øyra

Fellesnemnar er ferieaktivitetar i nærmiljøet, og om du held deg heime,
eller skal på lange eller korte turar - håpar vi du finn noko av interesse her.







.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar