søndag 8. mai 2011

Ut på tur, aldri sur

Skap ditt eige ferieeventyr


Vest-Telemark er eit område med mange mogelegheitar. Flotte turområde ved fjell, og vatn. Friluftsliv og aktivitetar som sykling, klatring, padling, vandring og mykje meir. Kurstilbod i alt frå gamle handverksteknikkar til ferie med yoga og meditasjon som skal gje skikkeleg avkopling frå det travle kvardagslivet.

No er det ikkje slik at alt kan og skal planleggast, men det er hjelp å få på biblioteket. Eit raskt søk i Vest-Telemarkbiblioteka sin katalog gjev deg tips som: Padleguide for Telemark, Klatrefører for Telemark, Sykkelopplevelser i Agder og Telemark, Kulturlandskapsprosjektet i Svartdal,  Kulturminnevegen i Kviteseid, Gamle vegar i Rauland, Vannveien inn i Telemark, Lokalhistorisk reise på Telemarkskanalen, hyttemat året rundt m.fl.

Borna har og gode tilbod i bibliotekhyllene; lydbøker for ”transportetappene” i bil. Av erfaring veit eg at song hjelper mot bilsjuke, så syng i veg! Dersom alle syng med, så blir ingen sjuke av andre, unemnelege grunnar. Biblioteket har utval av musikk på cd som egner seg til allsong eller karaoke.


Min påstand er at alt blir interessant når ein veit noko om det, då ser ein verda på ein annan måte. Bli en naturforsker av Terry Jennings er ei slik bok. Den egner seg for born i aldersgruppa 6-10 år, og lærer bort ting  om alt som hoppar, luskar, kravlar og flyr i naturen rundt deg!  Spørrebøker for heile familien blir straks aktuelt.


Eg har særleg lyst til å framheve boka Fiskelykke. Handbok for unge fiskere,  av Henning Grønlien. Forlaget seier: ”Den beste og mest komplette fiskeboken for barn og ungdom noensinne”. Boka tek for seg fiskemetodar i ferskvann og saltvann - frå båt, frå land og frå isen. Den gjev grundig innføring i sportsfiske, og gjev og tips til vaksne fiskarar som deg og meg, som framleis tykkjer det er mykje å lære. Skulle du vere så uheldig å sette kroken i deg sjølv eller turvenen din, er det i tillegg informasjon om lovverket og om tryggleik og førstehjelp. Eg har sjølv hatt den på nattbordet ei stund og tykkjer at den er kjempefin! No har den fått avløysing av påskekrimmen, men eg gledar meg alt til sommarens fisketurar!

Arne, ein glad fiskar.


Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar