mandag 30. mai 2011

Sats på biblioteket!

I dag har eg lyst til å slå fast det alle eigentleg veit, men som ofte er vanskeleg å dokumentere: Biblioteka trengst for at kommunar og lokalsamfunn skal overleve.  Dette er konklusjonen til NBF si kampanje:
15 330 259 gode grunnar for å satse på bibliotek.  Kampanja skal synleggjera kva for rolle biblioteket spelar i den enkelte kommune.




Visste du for eksempel at heile 97 % av folket har besøkt biblioteket minst ein gong i livet?  Eller at 12 000 000 ser på film lånt på biblioteket kvart år.  Det er like mange som går på kino totalt i Noreg på eit år.  Kva med bøkene da?  Jau, heile 53 000 bøker blir lånt ut på norske folkebibliotek kvar dag!  Og 100 % av biblioteka tilbyr gratis Internett.  NBF slår fast at kvar einaste dag genererer folkebiblioteka i Noreg verdiar for 14 millionar kroner i form av kompetanse, kunnskap og kultur. !!! 
Dersom du ynskjer å lesa meir om kampanja eller NBF kan du gå på: http://www.norskbibliotekforening.no/article.php?id=2615


Eg har i denne samanheng lyst til å sitere Arild Rein frå ein artikkel i Dag og Tid (nr 12, 25. mars - 31. mars):

Her kan du gå på oppdagingsreise heilt på eiga hand.[...]Her kan du finne ro og glede og underhaldning i eit miljø med totalt fråvære av kommersielle aktørar.  Biblioteket er ein oase, ein fristad der den enkelte brukar kan, for ei stakka stund, fri seg frå kvardagslivets nevrotiske og disiplinerande press og vere seg sjølv.

Så derfor kjære politikarar: Sats på bibliotek!

Til slutt ei lita sann historie henta frå Dei tjene' jo ingenting på det som illustrerer at vi framleis har ein jobb å gjera for å nå ut til alle:

Ei dame med en papirpose i hånden kommer inn på biblioteket og vil gjrne ha hjelp til å bestemme sopp.  Bibliotekaren følger henne bort til hylla der soppbøkene står, men da utbryter dama: - Å nei, det var ikke det jeg mente!  Derimot vil hun at bibliotekaren skal bestemme soppene hun har i posen sin.  Bibliotekaren må bare beklage, det kan hun ikke begi seg ut på, men gjentar at det er god hjelp å finne i bøkene.  Først da ser dama forundret rundt seg og sier: - går det an å låne bøker her også?

Bjørg Irene
Vinje folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar